Framlegget frå tuftnemnda:

For to dagar sidan, måndag 30. januar, offentleggjorde tuftnemnda sitt endelege framlegg til ny tuft for Norsk Målungdom. Framlegget finn du litt under her, men fyrst litt om prosessen framover:

10.-12. februar møtest landsstyret for å ta stilling til framlegget. Sentralstyret har allereie levert to endringsframlegg (sjå under), og desse skal også landsstyret ta stilling til.

16. mars går fristen for å koma med endringsframlegg til det nye tuftutkastet ut. Endringsframlegg kan sendast til skriv@nynorsk.no. Eventuelle framlegg vert publiserte her på bloggen etter kvart som dei kjem inn.

22. mars møtest landsstyret for å gjera såkalla innstillingar til vedtak på landsmøtet. Det tyder at landsstyret går gjennom eventuelle nye endringsframlegg, og vedtek tilrådingar til landsmøtet om kor vidt framlegga bør takast inn i den nye tufta eller ikkje.

23.-25. mars samlar organisasjonen seg til landsmøte på Voss. Der tek landsmøtet stilling til eventuelle endringsframlegg til tuftframlegget, og deretter tek landsmøtet stilling til kor vidt det endelege framlegget til ny tuft – med eventuelle vedtekne endringar – skal erstatta den noverande tufta. Under røystingane vert eventuelle endringsframlegg til det nye tuftframlegget avgjorde med vanleg fleirtal, medan lovene våre krev 2/3 fleirtal for å vedta den nye tufta som heilskap.

Denne prosessen byggjer på landsstyret sitt vedtak frå november, som du finn nedst.

Framlegget til ny tuft fylgjer her (formateringa ser litt løyen ut her på bloggen, så ikkje bry dykk for mykje om akkurat det. Det er innhaldet som skal opp til handsaming;)):

– Framlegg til ny tuft for Norsk Målungdom –

Tufta

målpolitisk grunnlagsdokument
for Norsk Målungdom

– tuftnemnda, januar 2012 –

FØREMÅL
Norsk Målungdom arbeider for å fremja nynorsk, dialektbruk og språkleg mangfald på alle samfunnsområde. Me organiserer ungdom til å gå føre i dette arbeidet.

HISTORISK GRUNNLAG
Målstriden har opphav i unionstida med Danmark. Etter kvart som det danske språket tok over som styrings- og prestisjemål, vart norsk språk gradvis marginalisert. Dansk vart det rådande skriftspråket, medan norske dialektar vart sedde som mindreverdige.

I lag med kravet om eit sjølvstendig Noreg, byrja arbeidet med å byggja opp eit norsk demokrati og driva norsk folkeopplysning. Mange såg eit eige norsk skriftspråk som ein heilt vesentleg del av dette. For å vinna tilbake språket, reiste Ivar Aasen landet rundt, og samla i hop norske språkdrag til det me i dag kjenner som nynorsk.

Då det nynorske skriftmålet byrja ta form, voks målrørsla gradvis fram. Sidan har målrørsla bygt vidare på grunnsteinane Ivar Aasen la.

MÅLPOLITISKE PRINSIPP
Lærdomane frå den norske målsoga utgjer ei samling med verdiar og prinsipp, som ligg til grunn for det moderne målarbeidet.

Nynorske kvalitetar
Nynorsken knyter dei norske dialektane saman til ein skriftleg fellesskap, bygt på innbyrdes likeverd og respekt. Det munnlege og klåre stilidealet gjer nynorsken enkel å forstå, og språket lyfter fram det rike ordtilfanget i dei norske dialektane. Ein særskild kvalitet ved nynorsken er at han dannar eit lettlært og fylgjerett system av dei mange dialektvariantane i Noreg.

Språk er identitet
Språket er den fremste identitetsmarkøren. Me uttrykkjer kven me er og kvar me kjem frå gjennom korleis me snakkar og skriv. Språket kan uttrykkja både individuell og kollektiv identitet. Respekt for sitt eige og andre sine språk og dialektar er dimed ein viktig føresetnad for det levande språkmangfaldet.

Språkleg medvit
Den språklege identiteten føreset medvit om språk. Det same språkmedvitet er det viktigaste verktøyet me har for å påverka språkutviklinga, og såleis vår eigen identitet. Språkutviklinga er ikkje ein naturleg eller upåverkeleg prosess, men noko me styrer gjennom individuelle og kollektive val. Det er eit viktig oppdrag for oss å vekkja språkleg medvit og få folk til å ta stilling til språk.

Kunnskap
Kunnskap er sjølve grunnlaget for å gjera medvitne val. I norsk samanheng inneber det at me må kunna både nynorsk, bokmål og norsk språkhistorie for å vera i stand til å gjera eit informert språkval. Det å kunna fleire språk er eit gode i seg sjølv, både for samfunnet og einskildmennesket. Difor lyt me gripa moglegheitene som den fleirspråklege fellesskapen gjev.

Fridom og rettferd
Der finst nokre universelle språklege fridomar. Alle har rett til læremiddel på eige opplæringsspråk, opplæring i morsmålet sitt, og å ta vare på eige språk og kultur.

Innvandrarar bør ha krav på opplæring i det målet som rår der dei buset seg. Å meistra språket som vert nytta lokalt gjer det lettare å ta del i og bidra til lokalsamfunnet. Slik fremjar me god integrering, til fordel for både innvandraren og lokalsamfunnet.

Språkleg jamstilling er eit målpolitisk ideal, som har vore offisiell norsk språkpolitikk sidan 1885. Denne jamstillinga må realiserast for at dei språklege fridomane skal vera fullt ut gjeldande i Noreg. Ei slik realisering inneber at nynorsk må vera synleg på alle samfunnsområde.

Mangfald
Det språklege mangfaldet i verda er umisteleg, av di kvart språk har sin unike måte å tolka røynda på. Norske dialektar, skriftspråk og mindretalsspråk er Noregs bidrag til det globale språkmangfaldet. Det er vår oppgåve å tryggja og byggja vidare på dette bidraget.

Utveksling av kunnskap, erfaring og engasjement på tvers av landegrenser er også viktig. Dette bør me gjera både for å visa solidaritet med andre som kjempar for språket sitt, og fordi alle partar kan dra nytte av det.

Å arbeida for eit språk inneber ikkje å sjå ned på andre språk. Norsk Målungdom forkastar alle former for rasisme og sjåvinisme.

Demokrati
Viljen til demokrati har vore ein raud tråd gjennom heile nynorsksoga. Ei viktig side ved målreisinga var å gje folk flest høve til å delta fullt ut i det norske demokratiet og kulturen. Målarbeidet handlar framleis om å kunna ta del i demokratiet på likeverdig grunn.

Folkeleg deltaking er føresetnaden for eit levande demokrati. Jamvel om fleirtalet rår, har mindretalet krav på eit visst vern. Korleis eit samfunn steller seg med mindretalsvern, er ein god målestav på kor velutvikla demokratiet er.

 

Endeleg framlegg frå tuftnemnda, 30. januar 2012
Inger-Lise Kvamme Aaland, Emil Henry Flakk, Helene Urdland Karlsen, Eskil Syltøy Løland, Vebjørn Sture

 

Innkomne endringsframlegg

  • Frå sentralstyret: Endra «Alle har rett til læremiddel…» til «Alle bør ha rett til læremiddel…» i fyrste avsnittet under Fridom og rettferd.

  • Frå sentralstyret: Endra «… at nynorsk må vera synleg
     på alle samfunnsområde» til «… at nynorsk må vera synleg og kunna nyttast på alle samfunnsområde.» i siste avsnittet under Fridom og rettferd.

Prosessen/formalia
6. november vedtok landsstyret denne lovtolkinga:

 NMU-lovene krev 2/3 fleirtal ved tuftendringar, i tillegg til seksvekersfrist for endringsframlegg. Når ei ny tuft skal vedtakast, må det likevel vera mogleg å justera på sjølve tuftframlegget. Sidan det nye tuftframlegget ikkje er gjeldande som tuft inntil eit eventuelt landsmøtevedtak, kan endringar til tuftframlegget ikkje underleggjast krav om 2/3 fleirtal. Samstundes vil det fort verta rotete å opna for nye endringar under sjølve landsmøtet, og siste frist for å endra på framlegget til ny tuft bør difor vera litt i førevegen.

Difor legg landsstyret opp til det fylgjande:
A) Landsstyret fastset omfram frist for endringsframlegg til det ferdige tuftframlegget til å vera fredag 16. mars.
B) Røystingar over endringsframlegg til *det nye* tuftframlegget vert avgjorde med vanleg fleirtal.
C) Heilskapen i det nye tuftframlegget må ha 2/3 fleirtal for å verta vedteke.

2 thoughts on “Framlegget frå tuftnemnda:

  1. Som ein dedikert målungdom som likevel ikkje har kjent tilhøyrsle til Målungdommen, mellom anna på grunn av norskdoms- og målstridretorikken, er dette oppløftande lesnad. Fokus på det viktigaste og det som sameiner målungdom, utan å mista tyngd og brodd. Bra!

    • Kjekt å høyra! Kan elles nemna at eg personleg trur både norskdoms- og målstridsarbeid kan vera konstruktive innfallsportar til målsaka, men at det er lurt å formulera seg litt «snilt» i desse samanhengane. Fordi:

      Å overtyda folk til å velja nynorsk inneber jo at dei vel bort bokmålet – og såleis er kampen/striden/motsetnaden mellom måla uløyseleg knytt til målsaka. Samstundes er det gjerne betre å stri *for* nynorsk enn å stri *mot* bokmål. Det å formulera *positive* standpunkt framfor *negative* er då også eit ideal me har strekt oss etter i arbeidet med å skriva ny tuft. (det einaste negative standpunktet i tuftframlegget er at me tek fråstand frå rasisme og sjåvinisme.)

      Likeins er «norskdomen» etter mitt syn godt ivareteken i formuleringa «Norske dialektar, skriftspråk og mindretalsspråk er Noregs bidrag til det globale språkmangfaldet. Det er vår oppgåve å tryggja og byggja vidare på dette bidraget.». Det er i alle fall dette norskdom handlar om for meg – å bidra i verdas kulturelle spleiselag, med likeverd og respekt som eit urokkeleg fundament i botn.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*

You may use these HTML tags and attributes: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>